tirsdag 27. oktober 2015

Kva er ungdomskultur?

I dette innlegget skal eg fortelje litt om kva ungdomsutur er og kva det inneber.

Ungdomskultur er heilt enkelt ein kultur skapt av og for unge menneskar. Ungdomskulturar skil seg ofte frå foreldregenerasjonen. For eksempel på 1950-talet når ungdommar byrja å høyre på rockmusikken. Dei fleste foreldra forstod seg ikkje på denne type musikk og forstod ikkje at ungdommane likte han. I tillegg til rockmusikken skapte ungdommar ein eigen klesstil, olabukser og skinnjakkar. mange av foreldra likte hverken klærna eller at barna deira brukte dei. Undommane utvikla altså ein eigen kultur som dei vaksne ikkje hadde når dei var unge.

Ungdomskulturen blei ei veldig aktuell sak etter andre verdenskrig. Økonomien til mange familiar blei betre og ungdommane byrja å få sin eigen økonomi. Dette førte til at klesindustrien for eksempel fekk ei ny forbrukargruppe. Dette gjorde at stilen endra seg og ungdomskulturen blei enda meir framtredande. Et eksempel på ungdomskultur nå er at vi hele tiden er aktiv på sosiale medier, vi bruker utrolig mye penger på teknologi.

Bilde frå: http://youthministry.com/teen-culture-2013-in-review/


1 kommentar: