Ordet klassemiljø fortel noko om korleis det sosiale er i ein klasse. Altså miljøet i ein klasse. I dette innlegget skal eg fortelje om kvifor eit godt klassemiljø er viktig og kva me kan gjere for å ha eit godt klassemiljø.
Eit godt klassemiljø er viktig fordi visst du sitter i klasserommet og er usikker kan det vere vanskeleg og for eksempel rette opp handa, delta i samtaler eller gruppearbeid. Eit godt klassemiljø har altså noko å sei ikkje bare med det sosiale, men også korleis du lærer. Eit godt klassemiljø er selfølgeleg også viktig for trivsel på skulen. Vist du ikkje trivst på skulen kan du bli veldig demotivert til å i det heile teke gå på skulen, gjere lekser eller øve på prøver. I alle fall for oss som går på ungdomsskulen er det viktig med eit godt grunnlag når det gjeld det faglige. Det er også viktig og gå ut av tiende klasse med eit snit du er fornøgd med. Klassemiljø er altså veldig viktig.
For å få eit betre klassemiljø trur eg det er viktig å bli kjent med kvarandre og eg trur også det er viktig at du kjem inn i ein klasse du er komfortabel med i utgangspunktet. Du trenger ikkje vere venn med alle, men du skal respektere alle. Eg trur også det hjelp med felles aktivitetar og felles turar. For eksempel leirskule, strandtur osv. Eg trur også at det er viktig å ha nokre vener i klassen slik at det kanskje blir litt lettere å bli kjent med enda fleire. Eg trur også at det er viktig å ha eit godt forhold til lærerne slik at alle sier ifra om det er noko gale.
Neste veke skal me ha eit prosjekt. Me skal skrive ulike innlegg om psykisk helse og kva me syns om dette. Derfor blir dei neste innlegga mykje om dette.
Bildet her
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar