mandag 2. november 2015

Ungdom og mote

Ungdom og klesstil, merkeklær osv. er eit tema som er utrolig aktuelt for tida. I denne leksa skulle vi lese ein tekst om ungdom og mote eller om ungdom og kropp, eg velde ungdom og mote. Tekstane finn du her.

Dei fleste ungdommar bryr seg om kva klede dei skal gå med, og ikkje minst kva merke klærna er. Ungdommane vil skilje seg minst mogleg ut og vere mest mogleg lik dei andre i vennegjengen. Me blir heile tida påverkne av reklame, kjendisar, film og sosiale medier. Sidan det ofte er ungdom som er mest i kontakt med dette skapar dei ofte ein Eigen stil. for eksempel magetoppar, eller for eksempel JANCO's som var veldig populære på 90-talet. Klesstil fortel noko om korleis personen er eller kva miljø han/ho kjem frå.

Diskusjonane blandt politikarane om skuleuniform er aktuell mykje på grunn av dette med merkeklede. Og kjøpepresset blandt unge. Merkeklede kostar ofte mykje meir for eit lite merke på brystet eller på bukselomma. Men kvifor er det så populært då? Fordi du ikkje skal skille deg ut frå dei andr på skulen, kjøpesenteret osv. Vist du hadde fått eit tilbod: vil du ha denne buksa frå cubus eller denne frå Levis? Hadde dei aller fleste svart Levis sjølv om dei kanskej ikkje vil innrømme det. Dei dyraste klerna er kanskje ikkje dei beste, men det er det som er inn. Dette har mykje med ungdomskultur og det å passe inn i ein vennegjeng og gjer.

Dette handler ikkje berre om klede, men også om telefonar, PC-ar, møbler, piercingar osv. Det har noko med då å ha det som dei aller fleste har lyst på eller syns er fint. Det er dette me kallar ungdomskultur. Etter eg hadde lest teksten var det nettopp dette eg begynte å tenkje over.
 

Bildet
Bildet nummer 2

1 kommentar: