onsdag 11. november 2015

Kva er ein helt?

Kva er eigentleg ein helt? Er det superman, er det Nelson Mandela, kven er ein helt? For meg er ein helt ein person som vil det beste for alle som fortjener det. Ein helt for meg er ein person som har gjort ei handling der dei fleste ville satt seg sjølv først, og ikkje brydd seg meir.  Ein helt for meg er ein beundringverdig person eller eit dyr som fortjener respekt i mine auge. Ein helt er heltemodig.

Ordet heltemodig vil for meg sei å vere modig. Å vere modig vil sei å gjere ting du eigentleg ikkje vil, men tårer å gjere det uansett. Men å vere modig vil ikkje sei å oppsøke farer i mine auge, å vere modig vil sei å stå opp for andre og å kanskje ofre litt av deg sjølv. Å vere ein helt er ein person dei fleste ser opp til, du har lyst til å ha dei eigenskapane helten har. For meg er dette ein helt.

Før var heltane ofte krigarar som ofra seg for landet sitt. Idag er det heltar overalt, på butikken, foreldre, TV-folk, idrettsfolk osv. Det finst mange helter i ulike formar og personlegheitar. I ei undersøking som blei gjort satt mange seg sjølv som sin helt, dette går det ann å diskutere i mine auge. Er du ein person som for eksempel slit ein del i kvardagen og framleis held seg oppe er dei kanskje heltar. Men vist du ikkje slit med noko spesielt og ikkjer har strevd nook særleg med livet, vil eg ikkje sei at du kan seie at du er din eigen helt.

Min helt i kvardagen er Dorn, ponnien min og mor. Han dømmer ikkje, bryr seg ikkje om korleis ein ser ut, og hjelper alltid på humøret. Min andre helt er Edward Gal, han er regna som ein av dei beste dressurryttarane i verda, altså ein idrettsperson. Dersom eg for eksempel er i ein dårleg periode når det gjeld trening, motiverer tanken om å bli like god som han veldig. Han har også kjempa for å få slutt på dyremisshandling, spesielt innen hestemiljø lenge. Mora mi veit eg ikkje berre er ein helt for meg, ho er også ein helt for dei pasientane på sjukehuset som ho har redda livet til. Ho er nemleg intensivsjukepleiar i tillegg til å vere ei mor, sjåfør, hestepassar osv.

Så ein helt kan vere mange ting, ein krigar, ein idrettsperson osv. Alle kan vere heltar i nokon sine auge. Ein helt er ein person du ser opp til og beundrar.



1 kommentar: