Kva er eigentleg ein helt? Er det superman, er det Nelson Mandela, kven er ein helt? For meg er ein helt ein person som vil det beste for alle som fortjener det. Ein helt for meg er ein person som har gjort ei handling der dei fleste ville satt seg sjølv først, og ikkje brydd seg meir. Ein helt for meg er ein beundringverdig person eller eit dyr som fortjener respekt i mine auge. Ein helt er heltemodig.
Ordet heltemodig vil for meg sei å vere modig. Å vere modig vil sei å gjere ting du eigentleg ikkje vil, men tårer å gjere det uansett. Men å vere modig vil ikkje sei å oppsøke farer i mine auge, å vere modig vil sei å stå opp for andre og å kanskje ofre litt av deg sjølv. Å vere ein helt er ein person dei fleste ser opp til, du har lyst til å ha dei eigenskapane helten har. For meg er dette ein helt.
Før var heltane ofte krigarar som ofra seg for landet sitt. Idag er det heltar overalt, på butikken, foreldre, TV-folk, idrettsfolk osv. Det finst mange helter i ulike formar og personlegheitar. I ei undersøking som blei gjort satt mange seg sjølv som sin helt, dette går det ann å diskutere i mine auge. Er du ein person som for eksempel slit ein del i kvardagen og framleis held seg oppe er dei kanskje heltar. Men vist du ikkje slit med noko spesielt og ikkjer har strevd nook særleg med livet, vil eg ikkje sei at du kan seie at du er din eigen helt.
Min helt i kvardagen er Dorn, ponnien min og mor. Han dømmer ikkje, bryr seg ikkje om korleis ein ser ut, og hjelper alltid på humøret. Min andre helt er Edward Gal, han er regna som ein av dei beste dressurryttarane i verda, altså ein idrettsperson. Dersom eg for eksempel er i ein dårleg periode når det gjeld trening, motiverer tanken om å bli like god som han veldig. Han har også kjempa for å få slutt på dyremisshandling, spesielt innen hestemiljø lenge. Mora mi veit eg ikkje berre er ein helt for meg, ho er også ein helt for dei pasientane på sjukehuset som ho har redda livet til. Ho er nemleg intensivsjukepleiar i tillegg til å vere ei mor, sjåfør, hestepassar osv.
Så ein helt kan vere mange ting, ein krigar, ein idrettsperson osv. Alle kan vere heltar i nokon sine auge. Ein helt er ein person du ser opp til og beundrar.
onsdag 11. november 2015
mandag 2. november 2015
Ungdom og mote
Ungdom og klesstil, merkeklær osv. er eit tema som er utrolig aktuelt for tida. I denne leksa skulle vi lese ein tekst om ungdom og mote eller om ungdom og kropp, eg velde ungdom og mote. Tekstane finn du her.
Dei fleste ungdommar bryr seg om kva klede dei skal gå med, og ikkje minst kva merke klærna er. Ungdommane vil skilje seg minst mogleg ut og vere mest mogleg lik dei andre i vennegjengen. Me blir heile tida påverkne av reklame, kjendisar, film og sosiale medier. Sidan det ofte er ungdom som er mest i kontakt med dette skapar dei ofte ein Eigen stil. for eksempel magetoppar, eller for eksempel JANCO's som var veldig populære på 90-talet. Klesstil fortel noko om korleis personen er eller kva miljø han/ho kjem frå.
Diskusjonane blandt politikarane om skuleuniform er aktuell mykje på grunn av dette med merkeklede. Og kjøpepresset blandt unge. Merkeklede kostar ofte mykje meir for eit lite merke på brystet eller på bukselomma. Men kvifor er det så populært då? Fordi du ikkje skal skille deg ut frå dei andr på skulen, kjøpesenteret osv. Vist du hadde fått eit tilbod: vil du ha denne buksa frå cubus eller denne frå Levis? Hadde dei aller fleste svart Levis sjølv om dei kanskej ikkje vil innrømme det. Dei dyraste klerna er kanskje ikkje dei beste, men det er det som er inn. Dette har mykje med ungdomskultur og det å passe inn i ein vennegjeng og gjer.
Dette handler ikkje berre om klede, men også om telefonar, PC-ar, møbler, piercingar osv. Det har noko med då å ha det som dei aller fleste har lyst på eller syns er fint. Det er dette me kallar ungdomskultur. Etter eg hadde lest teksten var det nettopp dette eg begynte å tenkje over.
Bildet
Bildet nummer 2

Abonner på:
Innlegg (Atom)